For å sikre større grad av likebehandling av søknader er det utarbeid enkle retningslinjer for kommunal støtte til kulturprosjekt som fall utanfor andre ordningar for kulturstøtte.
VEDTAK I FORMANNSKAPET 04.05.2021:
Tysnes kommune fastset følgjande mål og kriterier for vurderinga av opne søknader om støtte til kunst- og kulturuttrykk:
Mål:
midlane skal verka og inspirera til lokalt engasjement.
midlane skal verka og inspirera lag/organisasjonar/einskildpersonar til å dra i gang nye og gode initiativ som vil gi effekt i lokalsamfunnet og ha varig verdi.
midlane skal verka til og inspirera til å fremja nyskaping, innovasjon og utvikling i Tysnes kommune.
Kriteria:
Alle som søkjer må ha organisasjonsnummer.
Søkjar eller prosjektet må ha forankring i Tysnes samfunnet.
Det kan i utgangspunktet ikkje gjevast støtte utover kr. 20.000, til eit einskilt prosjekt. Det kan gjerast unntak der prosjektet har vesentlege verknader for marknadsføring, identitet og utvikling av Tysnes samfunnet.
Det skal leggjast fram ein finansieringsplan for prosjektet, støtte frå andre aktørar kan tilleggjast vekt.
Støtte er ein eingongsstøtte, det vert ikkje gjeve støtte til driftskostnader.
Støtte vert gjeve til sluttføring av prosjekt, til dømes arrangement, utstilling, musikkinnspeling, bokutgjevingar m.m. Det vert ikkje gjeve støtte til forarbeid og konseptutvikling.
Handsaming av kvar søknad skjer etter kvart som dei kjem inn.
Alle søknader skal handsamast ope.
Tiltaket/prosjektet skal gjennomførast innan eitt år etter midlar er tildelt
Sluttrapport og rekneskap skal leverast eitt år etter midlar er tildelt
Søknad skal sendast til post@tysnes.kommune.no
Det skal liggja ute informasjon om mål og vilkår for ordninga på Tysnes kommune sin nettstad