Jølstrafondet
Tidlegare Jølster kommune oppretta to fond som det er mogleg å søke om tilskot frå; Jølstrafondet og Kjøsnesfjordfondet. Du søker på same skjema for begge fonda.
Retningsliner for fiske- og friluftslivsfond for Jølstra
Vedtatt 28.03.2019 av Kommunestyret i Jølster
§ 1 Føremål som fondet kan støtte
Fondet kan nyttast til å støtte:
1. fiskekultivering
2. tilrettelegging for, og fremjing av, fritidsfiske- og friluftslivsaktivitetar
Tiltaka som vert støtta skal kome ålmenta til gode. Det vert ikkje gjeve tilskot til lag og
organisasjonars medlemsaktivitetar.
§ 2 Geografisk verknadsområde
Tiltak og prosjekt som støttast må vere lokalisert i Jølster (innanfor kommunegrensa av 2019) eller
langs Jølstra.
§ 3 Søkjarar
Søkjarar kan vere lag, organisasjonar, einskildpersonar eller kommune.
§ 4 Søknaden
Søknaden må innehalde:
- omtale av tiltaket/prosjektet det vert søkt støtte til
- opplysningar om kven som står bak søknaden
- budsjett og finansieringsplan for tiltaket/prosjektet
Når lag/organisasjonar søkjer er det krav om at (lagets/organisasjonens) siste godkjende
årsrekneskap og -balanse vert lagt ved.
§ 5 Prioritering av søknader
Dersom det vert naudsynt å prioritere mellom søknader skal følgjande moment ligge til grunn:
- Fellesprosjekt, som fleire aktørar står bak, vert prioritert framfor prosjekt frå enkeltaktørar
og –personar.
- Tiltak knytt til Jølstra, oppstraums Movatnet, med nærliggjande friluftslivsområde, har
fyrsteprioritet.
- Tiltak der tilskot vert rekna som avgjerande for iverksetjing skal prioriterast framfor tiltak
som vert vurdert å ha god tilgang til anna finansiering.
§ 6 Utlysing
Søknader til fondet vert handsama to gonger i året, vår og haust. Det vert annonsert for fondet på
kommunen sine eigne heimesider (på internett) og i sosiale medium. Utlysing vert samordna med
andre kommunale fond.
Les mer og søk på sunnfjord.kommune.no
Organisasjoner og foreninger
Privatpersoner