1. Målet med tilskottsordninga er for det første ei allmenn opprioritering av kulturarbeidet. Vidare ønskjer ein å stimulere utviklinga av eit variert og aktivt nærmiljø, og skape like vilkår for tiltak og aktivitetar i heile kommunen.
2.
a) Alle tiltak innafor kulturområdet kan i prinsippet få tilskott.
b) Det vert berre gitt tilskott til tiltak som søkjaren sjølv står for gjennomføring av.
Organisasjonar som samlar inn midlar med det formål å stø opp om aktivitetar i regi
av andre organisasjonar får ikkje tilskott til den delen av verksemda.
c) Politiske organisasjonar får ikkje tilskott til den politiske delen av verksemda.
Unnatak kan gjerast når det gjeld politiske ungdomsorganisasjonar.
3.
a) Hovudfordeling av kulturpengar vert gjort ein gong kvart år. I prinsippet skal
størstedelen av dei budsjetterte beløpa fordelast ved hovudfordelinga, men mindre
beløp kan haldast utanom. Søknadsfrist er vanlegvis 15. mars, og søknad skal
fremjast på eige skjema.
b) Tilskotta kan ha form av direkte økonomisk støtte, eller garanti mot underskot i
samband med arrangement.
c) Den direkte økonomiske støtta vert vanlegvis gitt som generell stønad utan
oppsplitting i f.eks. grunnstønad, aktivitetsstønad eller administrasjonsstønad.
Utval for helse-, oppvekst- og kultursaker kan likevel gjere vedtak om at berre eit
eller fleire av dei tiltaka ein organisasjon søker om tilskott til får støtte.
4. Fordeling av kulturpengar vert gjort etter skjønn, der det vert lagt vekt på følgjande moment:
a) Omfang av aktivitet som kjem til uttrykk gjennom
- gjennomførte og planlagte tiltak,
- medlemstal,
- rekneskapstal.
b) Kva for kulturoppgaver organisasjonen/tiltaket løyser.
c) Aldersgruppering - medlemstype (barn, ungdom, eldre, funksjonshemma, osv.).
d) Geografiske forhold.
e) Husleigeforhold
Søknadsfrist er 15. mars
Les mer på kommunens nettsider: