Kommunalt næringsfond
Gjeld årleg tildeling av midlar frå statsbudsjettet kap. 550 post 61 Kommunalt næringsfond
som blir tildelt via Oppland fylkeskommune.
Formål
Dei mål og strategiar som er trekt opp i Kommuneplan for Sel er retningsgjevande for tildeling
av midlar frå fondet.
I
nnafor denne ramma kan kommunalt næringsfond nyttast til tiltak som:
- støtte opp under eksisterande næringsliv i kommunen
- skape entreprenørskapskultur og legge til rette for ny næringsetablering
- støtte opp under regionale og heilheitlege satsingar
- kompetansebygging og nettverksbygging
- støtte til kultur- og naturbasert næringsutvikling
- arbeid med entreprenørskap i skulen og samarbeid skule/næringsliv
- prosjekt som aukar sysselsettinga blant ungdom og kvinner
Bruk av midlar
Støtte kan gjevast som tilskott og lån, her medrekna ansvarlege lån og lån på særlege vilkår.
Det er ikkje høve til å nytte fondet sine midlar til aksje- eller andelsteikning i privat
næringsverksemd. Det er likevel høve til å teikne kommunale aksjar i næringsselskap,
utleigebygg m.m. som kommunen eig saman med private interesser.
Det er ikkje høve til å gje garanti for lån til privat næringsverksemd.
Det kan ikkje gjevast støtte til gjeldssanering, driftstilskott til bedrifter eller til ordinære
kommunale oppgåver som f.eks. avlønning av tiltakskonsulent. Dette hindrar ikkje frikjøp av
tilsette til å gjennomføre prosjekt i ei avgrensa tidsperiode.
Det kan heller ikkje gjevast støtte til verksemd som mottar betydelige overføringar over
offentlege budsjett, med unntak av attføringsbedrifter.
Det må visast varsemd med å gi støtte til nyetablering av detaljhandel og annan
serviceverksemd dersom dette medfører konkurransevriding mellom bedrifter innan same
handelsregion. I slike saker er det viktig med samarbeid over kommunegrensene.
Vilkår for støtte
Samla støtte til eit privat næringstiltak bør i regelen ikkje utgjera meir enn 50 % av prosjektet
sitt kapitalbehov. Ved prosjekt av særleg betyding for kvinner og ved nyetableringar kan det
gjevast inntil 75 % støtte.
Støtta (tilskott og ev lån) skal vere avgrensa til:
Maksimalt støtte til ei og same bedrift må liggje innafor ei maksimumsgrense på kr. 400.000 til
ei og same bedrift over ei treårsperiode. Bedrifter som mottar støtte pliktar å opplyse om at det
er mottatt støtte frå næringsfondet når det blir søkt om ev ytterlegare offentlege midlar innan
utløpet av ein treårsperiode (jf EØS-avtala sitt regelverk for offentleg støtte, reglane for
bagatellmessig støtte.)
Det er ikkje høve til å gje støtte til prosjekt som får lån eller tilskott gjennom distriktspolitiske
virkemiddel som blir forvalta av fylkeskommunen eller Innovasjon Norge.
For lån til privat næringsverksemd skal rentevilkår og reglar for attendebetaling i hovudsak
følgje dei til kvar tid gjeldande vilkår for lån i Innovasjon Norge. For lån til kommunale formål
gjeld dei lånevilkåra som Kommunalbanken til kvar tid nyttar når det gjeld rente og
nedbetalingstid.
Før utbetaling av tilskott skal skjema ”Erklæring om mottatt tilskott frå næringsfondet i Sel”
vere utfylt og underskrive.
Omsyn til internasjonale forpliktingar på støtteområdet
Bruken av fondet må vere i samsvar med det, til kvar tid, gjeldande internasjonale regelverk
som Noreg har slutta seg til på statsstøtteområdet.
Fondsstyre
Formannskapet er fondsstyre. Administrasjonssjefen får fullmakt til å avgjere saker som ikkje
er prinsipielle. Delegering er avgrensa til inntil kr. 50.000,- i enkeltsaker. Delegerte saker blir
refererte i fondsstyret.
Klagebehandling av fondssaker som er avgjort av administrasjonssjefen blir først lagt
fram for fondsstyret for behandling. Klagar blir behandla etter § 28 i forvaltningslova, og
klagar blir lagt fram for klagenemnda.
Les mer på sel.kommune.no.