Prisen skal vere ein honnør for utført verksemd som har betydd mykje for bygda og sett Skjåknamnet i fokus på ein positiv måte.
Prisen skal femne vidt og kan tildelast innanfor område som:
-Kunst og kultur
-Idrett og fritid
-Handverk og industri
-Natur og miljø
-Samfunnsengasjement
-Næringsliv m.m.
Prisen kan delast ut til enkeltpersonar, grupper, organisasjonar eller verksemder. Kandidaten må bu/halde til i Skjåk eller på annan måte ha tilknyting til kommunen.
Skriftleg forslag på kandidatar med grunngjeving skal sendast til Skjåk kommune, Moavegen 30, 2690 Skjåk el. e-post: post@skjaak.kommune.no