UiT Noregs arktiske universitet er eit breiddeuniversitet som bidreg til ei kunnskapsbasert utvikling regionalt, nasjonalt og internasjonalt. Vi skal utnytte det at vi ligg sentralt i nordområda, vår faglege breidde og kvalitet og våre tverrfaglege fortrinn til å møte dei framtidige utfordringane.
UiT er ein heilt sentral aktør i utviklinga av nasjonen og landsdelen. UiT bidreg til at landsdelen har godt kvalifisert arbeidskraft. Som ei direkte følgje av sterke forskingsmiljø ved UiT, har fleire forskningsinstitutt som Norsk Polarinstitutt, Akvaplan-niva, Havforskningsinstituttet, Nofima og Norut, og større bedrifter, etablert seg i miljøet rundt universitetet. Universitetsutdanninga av helsepersonell føregår i tett samarbeid med Universitetssykehuset Nord-Norge (UNN). Universitetet har eit breitt samarbeid med offentleg sektor.
UiT er eit fleircampus-universitet med aktivitet i Tromsø, Narvik, Alta, Harstad, Hammerfest, Bardufoss og Kirkenes - i tillegg til at vi har ei rekke desentraliserte studietilbod.