Tilskot til ålment kulturarbeid vert tildelt lag og einskildpersoner som i hovudsak ikkje har born og unge som si hovudmålgruppe, til dømes:
- Tilskot til einskildarrangement. Tilskipar legg ved informasjon om arrangementet, samt eit budsjett i balanse for tilskipinga.
- Tilskot til særskilde føremål. Til dømes startstilskot, publikasjonar og liknande som kjem innbyggjarane i Vaksdal kommune til gode.
- Tilskot til 17. mai komitear. Tilskotet vert fordelt etter tal born.
- Tilskot til 1. mai feiring. Tilskotet vert basert på omland og deltakarar
Utbetaling skjer to gongar kvart år. Søknadsfrist første gong er 1. februar, resterande tilskot er 1. september.
Krav til søkjar
For å få rett til grunnstønad til kulturarbeid i Vaksdal kommune vert følgjande kriterium lagt til grunn:
- Laget må vere lokalisert i Vaksdal kommune.
- Laget/aktiviteten må vere open for alle. Avgrensingar i alder er tillat.
- Laget må vere aktivt.
- Laget må leggje opp til eigenaktivitet, skaping, framføring, utøving, formidling eller tileigning av ferdigheiter/kunnskapar. Berre samkome er ikkje nok.
- Laget må sende inn godkjent årsmelding og rekneskap for drifta ved søknad om stønad.
- Laget må skaffe seg inntekt på annan måte enn ved kommunal stønad.
- Tilskot vert tildelt etter vurdering av medlemstal, driftskostnad, alderssamansetning og aktivitetsnivå.
- Interesseorganisasjonar, ideelle organisasjonar, livssynsorganisasjonar, partipolitiske lag og liknande kan berre få tilskot i samband med einskilde kulturarrangement.
Les meir og søk elektronisk på vaksdal.kommune.no.