Bedriftsintern opplæring (BIO) skal gå til kompetanseheving av tilsette slik at bedrifta skal klare nødvendig omstilling - enten i form av opplæringstiltak som skal fremme grøn omstilling i bedrifta, eller at opplæringstiltaka fører til digitalisering av bedrifta.
Døme på opplæringstiltak
• Opplæring som gjer det mogleg å arbeide med ny teknologi (ny produksjonsline og liknande, digitalisering).
• Opplæring som er naudsynt for å få tilgang til nye marknader.
• Opplæring som er naudsynt for å kunne starte utvikling av nye produkt eller tenester.
Kven kan søkje og delta i opplæringa?
• Bedrifter kan søkje om tilskot til opplæringstiltak for sine tilsette. Vi ser det som ein styrke om fleire bedrifter går saman om søknader og undervisningsopplegg, men ei bedrift må stå som ansvarleg søkjar. Tilbydarar av kursing/undervisning kan ikkje søke på vegne av bedrifter viss dei tek betaling for oppdraget.
• Ikkje-kommersielle aktørar/medlemsorganisasjonar kan stå som søkjar på vegne av fleire bedrifter. I søknaden må det framgå kva for bedrifter som skal delta.
• Søkjar treng ikkje å vere lokalisert i Vestland, men må kunne dokumentere at tilskotet går til opplæring av tilsette som har arbeidsstad i Vestland.
Hovudkrav til søknad:
• At opplæringstiltaka skal fremme grøn omstilling eller utvikling i bedrifta, eller at opplæringstiltaka fører til digitalisering av bedrifta.
• At behovet for kompetanseheving i bedrifta er godt grunngjeve.
• At gjennomføring av opplæringstiltaket har ein tidsplan på under 26 veker. Unnatak må grunngjevast særskild.
• At tilskotet per deltakar i opplæringa ikkje er over 30 000 kr. Unnatak må grunngjevast særskild.
Fylkeskommunen vil også vurdere:
• At tiltaket bidreg til FN sine berekraftsmål.
• At tiltaket bidreg til Berekraftig verdiskaping – Regional plan for innovasjon og næringsutvikling med handlingsprogram 2022-2025
Tilskotet kan dekke fylgjande kostnader:
• Kurshaldar/kursavgift
• Lønskostnader i planlegging og gjennomføring av opplæringa
• Innkjøp av kursmateriell og avskriving på utstyr knytt til opplæringa
• Reisekostnader dersom det ikkje er lokale tilbod
Søknadsfrist
Søknadsfrist 20. mai. Neste års frist finn du på vestlandfylke.no
Mer informasjon og elektronisk søknadsskjema finn du på vestlandfylke.no