Kven kan søkje?
Organisasjonar heimehøyrande i krinsane i Ulstein kommune, med unntak av sentrumskrinsen, kan søkje om tilskot til trivselstiltak. Med krins meiner ein i denne ordninga skulekrins.
Døme: idrettslag, grendalag og andre lag som arbeider for auka trivsel og bulyst i krinsen.
Kva tiltak kan ein søkje på?
Målet med tiltaka skal vere auka trivsel og bulyst i krinsen. Det kan søkjast på nye fysiske tiltak og investeringar. Døme: nærmiljøanlegg, turløyper, leikeplass m.m.
Det kan også søkjast på nye tiltak og arrangement som ein ønskjer å gjennomføre.
Døme: bygdekveldar, teatergruppe, lokale konsertar m.m.Kor mykje midlar er til rådvelde?
Levekårsutvalet i Ulstein disponerer årleg 200.000 kr til føremålet.
Samfinansiering
Det er ein føresetnad for å få tildelt midlar, at andre enn Ulstein kommune bidreg økonomisk til gjennomføring av tiltaket. Ulstein kommune sin del gjennom ordninga for trivselstiltak i krinsane, kan ikkje overstige 50 % av tiltaket sin totalkostnad. Dugnad kan være ein del av finansieringa av eit prosjekt. Ein dugnadstime for ein person kan reknast til 200 kr. Dugnadstimar må dokumenterast med timeliste.
Søknadsfrist?
Søknadar om tilskot må vere Ulstein kommune v/ kulturkontoret i hende innan 1. mars og tildeling skjer seinast i løpet av mai. Eventuelle unytta midlar kan tildelast på hausten med søknadsfrist 1. september og fordeling i løpet av oktober.
Les meir om ordninga på kommunens nettsider: