Kulturprisen til ungdom er eit samarbeid mellom Hareid kommune og Sparebanken Møre Hareid. Føremålet med prisen er å fremje utviklinga av kulturarbeid i Hareid.
Kven kan få kulturpris?
Einskildpersonar under 25 år, eller gruppe av personar, lag og organisasjonar som høyrer heime i kommunen og som i løpet av året, eller gjennom fleire år, har gjort ein særleg stor og verdfull innsats innanfor det utvida kulturomgrepet. Ungdommens kulturpris kan delast ut som ei oppmuntring for utført innsats, eller som eit stipend.
Annonsering av kulturprisen
Sektor for samfunnsutvikling syter for å gjere prisen kjend og fastset fristen for innsending av framlegg til kandidatar. Det vert annonsert både i lokalavisa og på kommunen si heimeside.
Korleis fremje kandidatar?
Framlegg til kandidatar til Ungdommens kulturpris kan fremjast av einskildpersonar, lag og organisasjonar, og skal vere skriftleg og med grunngjeving av framlegget. Namn på kandidatar vert ikkje gjort offentleg.
For å fremje kandidatar kan du fylle ut dette skjemaet
https://skjema.hareid.kommune.no/skjema/HAR046/Kandidat_til_kommunens_kulturpris__forslag_
eller sende brev til:
Hareid kommune
v/ Sektor for samfunnsutvikling
Rådhusplassen 5
6060 Hareid