Nissedal kommune har kulturpris som kan delast ut annankvart år. Kulturprisen er på kr 10.000,- og kan delast ut til enkeltpersonar, grupper eller lag i Nissedal.
Retningsliner
Dersom prisen ikkje blir delt ut, kan formannskapet nytte løyvinga til andre kulturelle formål.
Kulturprisen kan bli delt ut til ein eller to:
• Personar
• Lag/organisasjonar/foreiningar
• Institusjonar
som er frå, eller bur i Nissedal kommune, og som har gjort eller gjer ein kulturell innsats utover det vanlege innanfor det utvida kulturområdet.
Kvart andre år skal det bli kunngjort i distriktets aviser at framlegg til kulturpriskandidat/-ar må bli sendt til eining for kultur innan 01.09. Formannskapet er ikkje bunde av innkomne framlegg, og kan på eige initiativ take opp framlegg til kandidat/-ar til kulturprisen. Formannskapet avgjer utdeling av kulturprisen og leiaren av formannskapet overrekker prisen.
Saman med kulturprisen blir det delt ut eit diplom det det stend fylgjande: Nissedal kommune sin kulturpris, samt årstal og prisvinnaren/-ane sitt namn. Diplomet blir underteikna av ordførar og leiar av formannskapet.
Les meir på nissedal.kommune.no