Formål
Formålet med ordninga er å stimulere og vidareutvikle nyetablerte festivalar/arrangement og andre festivalar/arrangement som ikkje er ført opp på eigen post i Volda kommune sitt kulturbudsjett.
Kva type festivalar/arrangement kan få tilskot
-Festivalar og arrangment innan kunst- og kulturfeltet i Volda
-Det gis i hovudsak tilskot til aktørar med adresse og verke i Volda
-Organisasjonen må vere registrert i Brønnøysundregisteret
-Tiltak kan støttast med inntil 50% av totale kostnader
-Det kan ikkje gjevast støtte til sanering av gjeld eller til den løpande drift
Tildeling - prioritering
Prioritert:
-Festivalar/arrangement som har stor fellesnytte
-Festivalar/arrangement som bidreg til positive ringverknader for næringslivet
-Festivalar/arrangement som bidreg til nyskaping og utvikling, og som aukar mangfaldet av kulturuttrykk
-Festivalar/arrangement som bidreg til samarbeid på tvers av ulike kunst- og kulturuttrykk
-Festivalar/arrangement som bidreg til auka deltaking og samhandling mellom menneske med ulik kulturell bakgrunn og positiv folkehelseeffekt
-Festivalar/arrangement som kan syne til ein god plan og som har eit realistisk budsjett/finansieringsplan
-Festivalar/arrangement som i budsjett/finansieringsplan syner til andre tilskotsordningar (offentlege eller private) i tillegg til eventuell eigeninntekt
Ikkje prioritert:
-Feiring av nasjonaldager
-Feiring av nyttår
-Feiring av merkedagar
-Markering av heilagdagar