Føremål med kulturstipendet er å medverke til å stimulere kunstnarisk eller sportsleg talentutvikling og aktivitet. Stipendet skal oppmuntre einskildpersonar frå Åseral kommune som har valt å satse innan områda kunst, kultur og idrett, eller som på annan måte representerar eit potensiale for kommunen.
Statuttar for tildeling av kulturpris og kulturstipend
1: Formannskapet disponerer ein årleg sum på kr. 10.000,- til kulturpris og kr 10 000,- til kulturstipend. Både pris og stipend kan delast ut kvart år om det ligg føre eigna kandidatar. Stipendet kan òg delast på fleire om formannskapet ynskjer det.
2: Føremål med kulturprisen er å heidre einskildpersonar eller organisasjonar som har utmerka seg enten med stor innsats i det lokale idretts- og kulturliv, eller som har utmerka seg kvalitetsmessig som utøvar og såleis er ein viktig ambassadør for Åseral kommune.
3: Føremål med kulturstipendet er å medverke til å stimulere kunstnarisk eller sportsleg talentutvikling og aktivitet. Stipendet skal oppmuntre einskildpersonar frå Åseral kommune som har valt å satse innan områda kunst, kultur og idrett, eller som på annan måte representerer eit potensiale for kommunen.
4: Utlysast i Åsdølen og kommunen si heimeside.
5: Nominasjonar til kulturprisen med grunngjeving sendast via digitalt skjema innan 1. mars.
6: Søknadsfrist for kulturstipend vert sett til same dato 1. mars. Søk via digitalt skjema. Dette finn du på aseral.kommune.no.
7: Mottakar av både kulturpris og kulturstipend vert avgjort av formannskapet. I utgangspunktet er det ynskjelig å halde offentliggjering og utdeling hemmeleg fram til eit passande overrekking på 17. mai eller eit anna passande arrangement. Uansett arrangement skal ordføraren stå for sjølve utdelinga.
8: Pris og stipend består av gåvesjekk, diplom og blomar og vert henta frå kulturbudsjettet
9: Statuttane for Åseral kommune sin kulturpris og kulturstipend vert gjeldande frå 1. juli 2020.
Les meir og søk elektronisk på aseral.kommune.no