Det kommunale næringsfondet er eit verkemiddel i arbeidet for å styrke og utvide lokalt næringsliv og arbeidsmarknad, samt gjere Askvoll kommune til ein meir attraktiv kommune å bu og arbeide i.
Ulike typar støtte frå næringsfondet
-Investeringstilskot. Det kan søkast om støtte til investering i bygg, maskiner og utstyr. Tilskotsprosenten er frå 0-30 % av totalkostnaden til investeringsprosjektet, på inntil 500 000 kr:
-Bedriftsutviklingstilskot. Det kan søkast om tilskot til utviklingskostnadar, både ved etablering og utvikling av verksemd. Til dømes kan dette gjelde utgreiing, opplæring/kompetanseheving, planlegging, marknadsavklaring, profilering og produktutvikling). Tilskotsprosenten er frå 0-50 % av totalkostnaden i prosjektet, på inntil 200 000 kr.
-Tilskot til tiltaksapparat og kunnskapsretta infrastruktur. Det kan gjevast tilskot til regionalt samarbeid, etableraropplæring, samarbeid skule/næringsliv og lokale analyser og utgreiingar. Tilskotsprosenten er inntil 100 % av totalkostnadane i prosjektet, utan øvre beløpsgrense.
-Arrangementstøtte. Tilskot til arrangement som har som mål å marknadsføre kommunen og regionen, utvikle næringslivet i kommunen eller profilere fleire verksemder i kommunen og regionen på ein større marknad. Tilskotsprosenten er inntil 100 % av totalkostnadane i prosjektet, utan øvre beløpsgrense.
Søknaden bør innehalde følgjande:
-Om prosjektet
Ein forretningsplan eller prosjektplan med ei god beskriving av ideen eller prosjektet. Det må gå klart fram av søknaden kva tilskotet er tenkt til. Søknaden bør innehalde målsettingar, resultatmål og ein framdriftplan.
-Kva skal prosjektet føre til?
Få fram viktige positive forhold. Potensialet for sikre eller skape nye arbeidsplassar bør synleggjerast i søknaden. Kva betyding har prosjektet for utvikling av den aktuelle sektoren eller for utviklinga av verksemda?
-Økonomi
Ein tidsfesta kostnads- og finansieringsplan, gjerne med margin for mogeleg usikre moment.
Etablerte bedrifter bør leggje ved siste års rekneskap og budsjett for inneverande år. Om du har mottatt offentlig støtte dei siste tre åra må det leggast ved oversikt.
-Om søkjaren
Namn, bedriftsnamn, adresse, organisasjonsnummer, e-post og telefon. Ta og med annan info som er relevant for søknaden. Dette kan til dømes relevant kompetanse, erfaring og ressursar som verksemda sit på.
I vurderinga av prosjektet blir det lagt vekt på marknaden, konkurrentar, sysselsetting, lønnsemd, verdiskapingspotensiale og om tilskotet har ein utløysande effekt for prosjektet. I tillegg vert kostnads- og finansieringsgrunnlaget vurdert. Personleg fagleg/praktisk kompetanse, gjennomføringsevne og økonomi samt om tiltaket samsvarar med dei kommunale planene vil òg kunne bli vektlagt.
Søknadsfrist
Det er ingen søknadsfrist om støtte frå næringsfondet. Søknader vert handsama fortlaupande av næringsfondstyret med tilbakemelding innan fire veker.
Slik sender du inn søknad:
Gå inn på nettsida www.regionalforvaltning.no
Trykk på "Registrering". Lag eit brukarnamn og eit passord
Trykk på "Ny søknad"
Vel fylke "Sogn og Fjordane"
Vel støtteordning "Kommunalt næringsfond Askvoll kommune"
Skriv inn ein beskrivande "Søknadstittel"
Trykk på "Opprett ny søknad"
Fyll inn tekst i alle felta. Husk å trykke på "Lagre og neste" mellom kvar gong.
Ikkje gløym å laste opp relevante vedlegg om bedrift/prosjekt. Desse må du ha gjort klart på førehand. Eksempel: Rekneskap, investeringsbudsjett, forretningsplan, marknadsanalyse, konsept, design.
Husk å trykke på "Send inn søknad" når du er ferdig med søknaden
Ta gjerne kontakt med næringskontoret før du sender inn søknad.