Mange eigarar har bygningar og andre kulturminne som har skadar som gjer at dei har behov for å bli sette i stand, eller der det i første omgang er sikring mot vidare forfall. Sikring av kulturminne vil føre til at eigarar får betre tid til å planleggje å setje dei i stand seinare. Privatdelen i prosjektet må vere minimum 30 prosent.
Hugs dette når du søkjer om tilskot til sikring av kulturminne:
Generelle opplysningar
Gje prosjektet eit kort og opplysande namn. Søknaden må innehalde informasjon om søkjaren og eigaren med adresser og andre faktaopplysningar. Du må leggje inn kvar kulturminnet ligg.
Prosjektet
Skildre bygningen eller anlegget. Skildre tilstanden og kva konkrete tiltak du planlegg. Her kan du laste opp bilete og andre vedlegg.
Budsjett
Budsjettet skal vise utrekna kostnader for tiltaket du søkjer støtte til. Du finn hjelpetekstar for kvar post i budsjettet. Her fører du også beløpet du søkjer om.
Vedlegg
Du kan leggje inn vedlegg undervegs når du fyller ut søknaden, og du kan også leggje inn fleire vedlegg i fana for vedlegg.
Les meir og søk elektronisk her: https://kulturminnefondet.no/jeg-skal-soke/sikringstiltak/