Frå januar 2016 er eit næringsfond på ein million årleg verksamt for bedrifter i Vang. Har bedrifta di planer som går ut over drift og vedlikehald er det mest truleg lurt å stille ein søknad til fondet. Ein kan søkje fortløpande, og formannskapet i Vang tek stilling til søknaden.
Eit viktig moment er at søknaden skal drøftast med næringsutviklar i Innovangsjon før han vert sendt til formannskapet, samt at ein lyt søkje før ein set i gang prosjektet.
Med andre ord - ta kontakt med Dag Inge og kom i gang med søknaden.
Dag Inge Bruflot
Næringsutviklar
E-post: daginge@vangivaldres.no
Mobil: 958 73 757