Vegen til stønad via spelemidlar:
Trinn 1: Godkjenning av prosjekt og lag/organisasjon som søker. Send inn søknad (mail eller brev) med kostnadsoverslag, finansiering og drift av anlegget til Vang kommune innan søknadsfristen for kulturmidlar i kommunen. Vanlegvis i siste halvdel av mars.
Trinn 2: Godkjenning av prosjekt i formannskap. Alle ordinære anlegg og nærmiljøanlegg med kostnadsramme over kr 600 000,- må vera med i Vang kommune sin Kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet.
Trinn 3: Laget/organisasjonen legg inn søknad med nødvendige vedlegg via Min ID på https://www.anleggsregisteret.no/anlegg-for-idrett-og-fysisk-aktivitet/ Søknadsfristen er 15. oktober.
Naudsynte vedlegg er forklarte i dette skrivet, V-0732 som er skriv frå Det kongelege kulturdepartement: Føresegner om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet.
Trinn 4: Kommunen godkjenner og vidaresender den elektroniske søknaden til fylket innan 15.januar påfølgjande år.
Les mer og søk via kommunens nettsider vang.kommune.no