Høyanger kommune gir bortebuarstipend til elevar ved Høyanger vidaregåande skule som må bu på hybel.
Du må ha ungdomsrett, og ha rett til inntaksområde-poeng til Høyanger vidaregåande skule. Les meir i punkta under:
Retningsliner for stipendordninga:
1. Høyanger kommune yter for skuleåret 2023/2024 totalt kr. 100.000 til stipend til elevar som vil gå på Høyanger vidaregåande skule, og må bu på hybel. Stipendordninga skal gjelde for elevar med ungdomsrett, og som har rett til inntaksområde-poeng til Høyanger vidaregåande skule.
2. Stipendet gjeld for elevar som ikkje dagleg kan nytte seg av offentleg transport til og frå heimen.
3. Stipendet på kr 100.000 vert delt likt mellom søkarane. Kvar elev kan likevel ikkje motta meir enn 10.000 kr i stipend frå kommunen pr skuleår.
4. Tildeling av kvart enkelt stipend vert gjort av kommunedirektøren etter søknad frå eleven.
5. Søknadsfrist er 1. september kvart skuleår.
6. Stipendet blir utbetalt to gonger i skuleåret. Dato for utbetaling er 1. november og 1. mars.
7. Kommunen kan krevje stipend tilbakebetalt dersom eleven ikkje fullfører skuleåret.
Les meir og søk digitalt på kommunens nettsider:
https://www.hoyanger.kommune.no/tenester/barnehage-og-opplaring/bortebuarstipend/