Kulturdepartementet deler kvart år ut stønad av spelemidlane til bygging av anlegg for idrett og friluftsliv. Kommunar, idrettslag, andelslag eller andre kan søkje om midlar til bygg og anlegg. Det kan søkjast om stønad til bygging og rehabilitering av idrettsanlegg som er opne for allmenn idrettsaktivitet, og som ikkje er hefta med kommersielle interesser. Anlegget må vere med i ein vedteken kommunal plan for idrett og fysisk aktivitet og søkjar må ha organisasjonsnummer.
For å søke om spelemidlar til anlegg sjå www.anleggsregisteret.no Det må søkjast innan fristen som er 15. oktober.
Innspel til nye anlegg
Meld tilbake til Høyanger kommune innan 1. september om du har planar om prosjekt du vil søkje spelemidlar til. Eigne utfyllande opplysningar kan også leggast ved.
Dette kan sendast til:
• postmottak@hoyanger.kommune.no eller
• Høyanger kommune, Postboks 159, 6991 Høyanger