Spelemiddelsøknadene skal sendast elektronisk og søknaden går om Aurland kommune.Prosjektet må vere med i Kommunal plan for idrett, friluftsliv, fysisk fostring og folkehelse.
Lag og organisasjonar har høve til å søkje om statstilskot (spelemidlar) til bygging eller rehabilitering av idrettsanlegg og nærmiljøanlegg.
Anlegg som ein vil søkje om spelemidlar til, må liggje i handlingsprogrammet i den
kommunale idrettsplanen.
For mindre nærmiljøanlegg med ein kostnad på inntil kr 80 000 er det ikkje søknadsfrist. Desse søknadene vert handsama fortløpande. Meir informasjon om mindre kostnadskrevjande nærmiljøanlegg kan du finne på fylkeskommunen sine nettsider.
Meir informasjon om tilskotsordninga kan ein lese på kulturdepartementet sine nettsider.