Reglement for Johannes Vinjum kunstnarstipend:
-Deltaking er open for målarar, grafikarar, teiknarar og fotografar
-Stipendet består av ein pengegåve
-I tillegg mottek vinnaren opphald i Aurland ei helg.
-Reiseutgiftar for stipendmottakar blir dekt til ein sum på maks. kr. 3000,-
-Stipendmottakar får moglegheit til å stille ut på Galleri Vinjum i Heradshuset.
Stipendmottakar forpliktar seg til:
-opphald i Aurland kommune ei helg, eventuelt med ei utstilling
-å leggja att eit kunstverk inspirert av Johannes Vinjum, som skal tilfella Aurland kommune og brukast slik legatstyret bestemmer.
På kva måte deltek du?
Send ein elektronisk søknad til post@aurland.kommune.no med tittel Søknad Johannes Vinjum kunstnarstipend”
Søknaden skal bestå av:
Søknadsbrev med motivasjon for søknaden
Personleg informasjon og CV
Maksimal 10 bilete av eiget verk i PDF format
Aurland kommune returnerar ikkje dei innsendte søknadane/ PDF-bilete. Aurland kommune skal ikkje bruke det tilsendte materiell i kommersiell bruk eller i utstillingar. Dette gjeld ikkje stipendmottakaren.
Søknadsfrist: blir kunngjort på heimesida til Aurland kommune.